Egalitarianarar er som oftast skeptiske til privatskular. Sjølv er eg ganske så egalitær, i alle fall etter at eg oppdaga at mi eiga inntekt ikkje er spesielt høg. Det betyr at sosial likskap er ein viktig verdi for meg, ein verdi som veg tungt på den normative vektskåla. Spørsmålet om privatskular held likevel fram med å skape problem for meg. Eg skal her presentere det eg meiner er det beste argumentet for privatskular, eller rettare sagt, det beste argumentet for ei utviding av privatskulelova.
I dag kan privatskular få godkjenning etter privatskulelova primært på religiøst eller pedagogisk grunnlag. I tillegg kan privat vidaregåande opplæring få godkjenning dersom dei driv med toppidrett eller “små og verneverdige handverksfag” (også enkelte andre grunnlag er inkludert, men me kan sjå vekk frå dei her). Forslaget til ny friskulelov, som akkurat har vore ute på høyring, inneber ei utviding av aksepterte grunnlag. Den viktigaste endringa er høvet til godkjenning av det departementet kallar “profilskular”, dvs. “skoler som ønsker å rette spesiell faglig oppmerksomhet innenfor emnene realfag, idrett, språk eller kunst og kultur, både i grunnskolen og på videregående nivå”. Ei anna viktig endring er at “religion” vert erstatta av “livssyn”, slik at ein kan få godkjenning også på grunnlag av ikkje-religiøse livssyn.
Det er liten tvil om at forslaget til ny lov tyder eit langt større spelerom for privatskular (eller “friskular” eller “profilskular” eller kva enn for eit namn ein vil ende opp med). For dei som set sosial likskap høgt er dette problematisk, sidan dei fryktar at det vil føre med seg sterkare sosial reproduksjon. Men sjølv denne utvidinga held igjen i høve til det som er det beste (og dermed det vanskelegaste for ein egalitarianar) argumentet for privatskular. Spørsmålet er om ei stram privatskulelov er urettferdig mot dei som meiner at utdanning i seg sjølv er av spesielt stor verdi, og at problemet med den offentlege skulen er at han ikkje set utdanning like høgt. Dette er eit verdibasert, men ikkje livssynsbestemt grunnlag, og der den aktuelle verdien nettopp er utdanning. Slik eg les det vil heller ikkje det nye forslaget akseptere verdien av utdanning som grunnlag for godkjenning, men dersom eg tek feil, vil lova vere meir radikal enn kva ho ser ut som.
Det er og vil truleg alltid vere usemje om verdien av utdanning, særleg utdanning ut over eit visst minimum. På den eine sida står dei som har djup respekt for utdanning. For dei er tileigning av kunnskap og utvikling av talent sentrale verdiar i livet, og ikkje berre fordi det leier til andre gode ting, men fordi det har eigenverdi. På den andre sida står dei som berre verdset utdanning av instrumentelle grunnar. For dei er utdanning dessverre nødvendig for å få seg ein jobb, men har ingen verdi i seg sjølv. Kanskje dei jamvel vil rekne det som skadeleg å vere for opptatt av bokleg lærdom.
I eit demokratisk samfunn vil forma til og innhaldet i den offentlege skulen reflektere veljarane si vurdering av utdanning. Det utdanningssynet som kjem til uttrykk i den offentlege skulen, vil då tendere mot det jamne. Dei som verdset utdanning mykje meir enn gjennomsnittet, vil såleis tape. For dei vil den offentlege skulen vere slapp, middelmåtig og prega av for lite respekt for kultur og kunnskap. Dei som vil ha ein meir krevjande skule, må finne seg i at barna deira ikkje får dette. Men kvifor skal ein akseptere privatskular på religiøst grunnlag, men ikkje på andre typar verdigrunnlag, til dømes på verdien av utdanning? Kvifor skal ein akseptere «profilskular” for dei som er særleg opptekne av realfag eller toppidrett, men ikkje for dei som vil ha ein skule som speglar deira vørdnad for utdanning?
Det er to grunnar til at dette argumentet er spesielt trøblete for ein egalitarianar, langt meir trøblete enn religion, realfag og toppidrett. For det første vil ei utviding av grunnlaget for godkjenning av privatskular i denne retninga i praksis føre til fullt frislepp. Det er nær sagt umogleg å avgrense dette grunnlaget på same måte som livssynsskular, profilskular og montessori- og steinerskular. For det andre er det grunn til å tru at det vil vere dei allereie ressurssterke som vil bruke skular som er tufta på særleg stor respekt for kunnskap og utdanning. Dersom det hovudsakleg er høgt utdanna middelklasseforeldre som har eit opphøgd syn på utdanning, er det sannsynleg at slike skular vil utvikle seg til eliteskular og styrke den sosiale reproduksjonen av ulikskap.
Dei viktigaste filosofane som i dag skriv om utdanningsrettferd, Harry Brighouse og Adam Swift, har eit egalitariansk svar på dette som ikkje er overtydande. Dei spør: dersom slike foreldre verkeleg set utdanning så høgt, kvifor då fremje berre sine eigne barns utdanning? Kvifor ikkje bruke ressursane sine på å forbetre utdanninga til alle barn, særleg dei svakare stilte, som jo er dei som treng det mest? Dersom det verkeleg er omsynet til verdien av utdanning som motiverer desse foreldra, bør dei vel gå inn for å styrke utdanninga for alle, ikkje berre sine eigne. Om dei ikkje vil det, kan ein mistenke at det likevel er egoisme som ligg under når alt kjem til alt.
Dette svaret er ikkje overtydande sidan premissen for heile argumentet er at det finst eit mangfald av verdisyn, og at enkelte foreldre kan hevde at deira syn ikkje blir ivaretatt av den offentlege skulen. Desse foreldra vil ikkje tvinge sitt syn på utdanning på andre, og spørsmålet er då om dei bør få opprette eigne skular, på lik linje med religiøse privatskular. Det er denne forskjellsbehandlinga som er kjernen i problemet. Dersom egalitarianaren godtek privatskular på religiøst grunnlag er spørsmålet om han også bør godta privatskular på basis av andre verdisyn (og ikkje berre andre livssyn). Alternativet er sjølvsagt å avskaffe privatskular heilt, slik som partiet Rødt vil, men ein slik posisjon vil raskt kome i konflikt med menneskerettane.