Venstrelibertarianisme – ukjend i Noreg?

Ei av dei mest diskuterte retningane innan politisk filosofi dei siste tjue åra, har vore venstrelibertarianisme. Retninga verkar likevel å vere ukjend i Noreg, i alle fall om ein skal dømme etter talet på Google-treff. Dei få treffa ein får på venstrelibertarianisme, er dessutan lite relevante for korleis denne termen blir brukt i politisk teori no. Dersom dette er eit teikn på at retninga er lite kjend, er det synd, sidan ho ruskar godt opp i våre vande kategoriar om høgre og venstre i politikken. Kjernen i venstrelibertarianismen er nemleg ein kombinasjon av full individuell fridom med kollektivt eige av ytre ressursar.

Venstrelibertarianisme er inga ny retning. Dagens representantar peiker mellom anna på John Locke, Thomas Paine og Henry George som forgjengarar. Det er likevel først dei siste åra at retninga har kome til syne for alvor, med Hillel Steiner og Peter Vallentyne i brodden, og Michael Otsuka og Phillippe Van Parijs like bak. Sosialisten G. A. Cohen har også hatt stor påverknad, sjølv om Cohen sjølv ikkje kan reknast som venstrelibertarianar. Som motto for retninga kan ein setje Lockes berømte utsegn: “Though the Earth and all inferior Creatures be common to all Men, yet every Man has a Property in his own Person. This no Body has any Right to but himself.”

Ein kan best forklare kva venstrelibertarianisme er gjennom å samanlikne med høgrelibertarianisme, representert av Robert Nozick, og liberal egalitarianisme, representert av John Rawls.

I likskap med høgrelibertarianismen, men til forskjell frå liberale egalitarianarar, aksepterer venstrelibertarianismen ei tese om fullt sjølveigarskap. Grunnleggjande rettar blir altså forstått som eigedomsrettar. Ein har rett til å kontrollere bruken av eins eigen person, og dette gir kvar enkelt eit ukrenkeleg rom til å fritt kunne realisere si oppfatning av det gode liv. Som Vallentyne pleier å formulere det, ein eig seg sjølv på same måte som ein eig ein ting. Det betyr at ein har rett til å gjere som ein vil med den tingen: bruke, selge, leige ut, gi bort eller til og med øydeleggje. Nokre venstrelibertarianarar går like langt som høgrelibertarianarar i synet på sjølveigarskap og vil til og med forsvare retten til å selge seg sjølv som slave.

Men til forskjell frå høgrelibertarianismen, og i likskap med liberale egalitarianarar, støttar venstrelibertarianismen ei egalitær fordeling. Grunnlaget for dette ligg i ei oppfatning om at naturlege ressursar i utgangspunktet er felleseige. Ein får ikkje automatisk eigedomsrett over noko berre fordi ein fann eller arbeidde med det først, slik høgrelibertarianarar gjerne meiner. Dei fleste av dagens venstrelibertarianarar avviser ikkje dermed privat eigedomsrett, men dei har ei anna oppfatning av denne retten. Ein kan tileigne seg naturressursar, men då må ein ein betale kompensasjon til sine medeigarar. Medan høgrelibertarianarar samanliknar skatt med slaveri og tjuveri, ser venstrelibertarianarar skatt som det å betale leige for den andelen ressursar ein gjer bruk av. Slik kan venstrelibertarianarar støtte høg skattlegging, og vidare egalitær fordeling av skatteinntektene, til dømes ut frå eit prinsipp om ressurslikskap eller sjanselikskap.

Som alle andre politisk-filosofiske retningar er også venstrelibertarianismen ein familie av teoriar. Variantar oppstår mellom anna av kor vidt ein definerer “ressursar”. Nokre vil til dømes rekne naturleg talent, nærare bestemt genetisk materiale, som ein naturressurs, og difor som kollektiv eigedom som ein må betale leige av. Variasjon oppstår også frå korleis ein ser på arv og gåver. Nokre venstrelibertarianarar vil til dømes meine at når ein dør så går det ein eig så og seie tilbake til naturen og vert felleseige—ein arveskatt på 100% er difor rettferdig. Den indre variasjonen gjer at venstrelibertarianismen ikkje er så lett å plassere ein bestemt stad på høgre-venstre aksen. I følgje Vallentyne spenner venstrelibertarianismen seg frå sentrum-venstre til det radikale venstre.

Men på eit punkt er dei fleste av dagens venstrelibertarianarar svært radikale. Dei er nemleg det som vert kalla “globalistar”, ikkje “statistar”. Det er verda som heilskap, ikkje staten, som er den rette ramma for fordeling. På same måte som eit enkelt individ ikkje eig noko berre fordi dei tilfeldigvis finn det, kan ikkje ei gruppe individ eige noko berre fordi det tilfeldigvis ligg i nærleiken. Naturressursar er i utgangspunktet eigedommen til alle jordas folk, ikkje den staten som har fått dei på sitt territorium. Inntektene som blir skapt frå slike ressursar skal dermed delast likt mellom alle individ i verda. Kva det tyder for eit oljeland som vårt, burde vere opplagt.

[Det er fort gjort å bli forvirra over dei mange retningane innan dagens politisk filosofi. Diagrammet over, laga av tre leiande venstrelibertarianarar, kan vere nyttig]

LEAVE A COMMENT