“Like muligheter” revisited

Eg har stor respekt for politikarar. For ein som knapt nok kan styre seg sjølv høyres det å styre eit land nær umogleg ut. Men stundom undrar eg meg likevel over kor låg kompetanse politikarar har når det gjeld refleksjon over kva formålet er med denne styringa. Kva mål, verdiar og ideal skal ein styre etter?

Dette ser ein særleg når politikarar skal uttale seg om rettferdsideal for skulen. Sist ute er kunnskapsministeren, Torbjørn Røe Isaksen, utan tvil ein av dei intellektuelt sett mest oppegåande politikarane me har i landet. Likevel skriv han i gårsdagens Aftenposten det følgjande:

“Hvis likhet betyr streben etter like resultater eller utjevning ved å holde de flinke nede, er jeg enig. Men det er noe vakkert i likhetstanken: Like muligheter. Det er dine evner og anlegg som skal avgjøre, ikke hvilket hjem du kommer fra.”

Slike formuleringar er svært vanlege, men dersom ein tenkjer seg om eit par sekund ser ein at dette ikkje heng saman, av den enkle grunn at “evner og anlegg” er sterkt influert av “hvilket hjem du kommer fra”, både via genetikk og oppvekstmiljø.

Det pussige er at kunnskapsministeren, og kanskje også andre som seier liknande ting, sannsynlegvis er fullstendig klar over dette. Dei har sannsynlegvis også innsett at det vanskeleg kan vere annleis. Kva evner ein har, og kva innsats ein viser, oppstår ikkje spontant i eit vakuum, men har sjølvsagt sine årsaker, og når ein sporer desse årsakene tilbake i tid, kjem ein til foreldra. Likevel held dei fram med å stille opp som mål at “Det er dine evner og anlegg som skal avgjøre, ikke hvilket hjem du kommer fra.” Kvifor? Tenkjer dei kanskje at det ikkje er så nøye?

På dette punktet må ein velge, ein kan ikkje få både i pose og sekk. Enten må ein seie at det er “evner og anlegg” som skal avgjere i skulen, men då må ein også akseptere at “hvilket hjem du kommer fra” vil spele med i stor grad. Eller så må ein halde hardt fast på at “hvilket hjem du kommer fra” ikkje skal bety noko, men då må ein også gi opp ideen om at det er “evner og anlegg” som skal avgjere. For meg er det innlysande at me må gå for det første alternativet. Det andre alternativet skal ein eit godt stykke ut på venstresida før ein finn, og eg tvilar på om det er i den retninga kunnskapsministeren vil. For ein konservativ politikar ville det vore betre å sjå det positive i at evner, vanar og verdiar blir overført frå ein generasjon til den neste, i staden for å sjå på det som eit problem.

For dei som er er interesserte i å unngå dei vanlege klisjeane om skule og sjanselikskap vil eg tilrå ein av dei beste artiklane om dette temaet, Adam Swifts “Would perfect mobility be perfect”. Eller dersom ein har dårleg tid, leite tilbake i arkivet til denne bloggen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *