Michael Young og klasseparadokset

Den siste tida har det vore ein del debatt om det såkalla klasseparadokset, særleg i Morgenbladet, men også andre stader. Deler av denne debatten har handla om korvidt genetikk kan forklare kvifor visse grupper gjer det betre i utdanningssystemet enn andre. I botnen ligg det likevel ikkje primært eit sosiologisk eller biologisk problem, men eit normativt problem, som ein kan kalle Youngs problem, etter det som er, eller i alle fall burde vere, den sentrale teksten i desse diskusjonane, ei bok som mange kjenner til, men få har lese.

I Michael Youngs satire, The Rise of the Meritocracy, ser ein sosiolog i 2034 tilbake på utviklinga i England i perioden 1870-2033. Young, som sjølv var sosiolog, skreiv boka i 1958, så den første fasen han skildrar (1870-1958) er tilnærma fakta, medan den andre fasen (1958-2033) er Young sine karikerte spekulasjonar over kvar utviklinga kan ende opp dersom visse trendar i den første fasen held fram.*

Tidlegare vart sosial status bestemt, ikkje av evner og innsats, men av kva familie ein var fødd inn i. Ein enda stort sett opp med same yrke som foreldra, uavhengig av kor gode eller dårlege evner ein hadde. Denne mangelen på sjanselikskap og sosial mobilitet gjorde at gåverik ungdom i arbeiderklassen ikkje fekk høve til å stige oppover i samfunnet, medan langt mindre gåverik ungdom i overklassen vart verande i overklassen åkkesom. Dette var både urettferdig og ineffektivt, skriv Youngs imaginære sosiolog. Det var urettferdig at arbeiderbarn ikkje fekk dei same sjansane til å få ei god utdanning, eit givande yrke og ei høg inntekt som barna til meir ressurssterke foreldre. Det var ineffektivt at barn med evner til å bli leiarar vart tvungne av dårleg råd til å slutte skulen og bli postmenn, medan barn med evner til å bli postmenn fekk gå på Eton og Oxford og ende opp som leiarar. Dette gjorde at dei fremste skulane og universiteta vart fylte opp av folk frå gode familiar, men slett ikkje alle med tilsvarande gode evner, medan dugande ungdom frå arbeiderfamiliar ikkje fekk høgare utdanning i det heile: “So little intelligence at the universiteties! Many able people not getting there at all!”. Dette var bortkasta talent. For å halde tritt i den internasjonale økonomiske konkurransen måtte ein utnytte sine menneskelege ressursar betre.

Den store endringa på 1900-talet, fortel Youngs framtidige sosiolog, begynte i mellomkrigstida og heldt fram i etterkrigstida, med stadig større styrke. Dei viktigaste reformane var høg arveskatt og endring av utdanningssystemet. Det første gjorde at dei velståande fekk mindre høve til å nytte sin økonomiske styrke til å gi barna sine fordeler. Det andre gjorde det mulig for barn frå alle samfunnslag å få både god og lang utdanning. Med stor statleg satsing på utdanning, mellom anna gjennom høge lærerløner for å tiltrekke seg dei beste som lærarar, vart dei offentlege skulane etter kvart betre enn private eliteskular, sidan dei siste valde ut studentar ikkje etter evner, men etter foreldras betalingsevne. Høgare utdanning vart også gratis. Resultatet av desse reformene var sjanselikskap. Evner, ikkje familie, vart avgjerande i utdanningssystemet og dermed i samfunnet generelt, sidan utdanningsprestasjonar bestemte kva status og stilling ein endte opp med til slutt. Flinke barn i arbeiderklassen fekk sjanse til å stige oppover til godt betalte og anerkjende yrker. Medlemmer av eliten, “the brilliant class, the five per cent of the nation who know what five per cent means”, varte valde ut på basis av kor smarte dei var, ikkje etter kva sosial bakgrunn dei hadde.

Alle skulle likevel ikkje få same utdanning. Det var betre både for den enkelte og for samfunnet som heilskap at kvar og ein fekk tilpassa opplæring. Og jo tidlegare den tilpassa opplæringa kunne begynne, jo betre. Her kom utviklinga innan psykologiske testapparat til hjelp. Avanserte IQ-testar gjorde at ein allereie ved 3-årsalderen kunne fastslå korleis eit barn ville gjere det på skulen. Desse testane pretenderte ikkje å måle det me til vanleg kallar “intelligens”, men skulle predikere kven som ville gjere det bra i utdanningssystemet (men som Youngs sosiolog skriv i ein fotnote: høg score på slike testar var også korrelert med dei fleste andre gode ting i livet). Dei mest intelligente fekk best og lengst utdanning, og dei mest intelligente lærarane, medan dei som scora lågt på slike testar fekk ei enklare utdanning, sidan dei uansett ikkje ville kunne nyttiggjere seg ei betre utdanning. Dessutan var desse testane langt meir rettferdige ovanfor arbeiderklassebarn enn vanlege eksamenar og lærarvurderingar, som var gjennomsyra av fordommar og stereotypiar. Testane var også meir rettferdige i den forstand at tradisjonelle eksamenar gjorde vanskeleg for dei som blomstrar seint i livet og for dei som slit med eksamensangst.

Ein slik gjennomførd sjanselikskap gjorde også at evner, primært intelligens, vart omfordelt mellom klassane. Før var talent spreidd jevnt ut over. Kvar klasse var eit tversnitt av samfunnet. Både arbeiderklassen og overklassen hadde sin andel av både geni og idiotar, gåverike og mindre gåverike. Med like sjansar for alle endrar dette seg. Når evner er det einaste som betyr noko i utdanningssystemet, og prestasjonar i utdanningssystemet avgjer kvar ein havnar i samfunnet, så blir dei flinke samla i dei øverste klassane. Medan arbeiderklassen tidlegare hadde sin andel gåverike menneske, har sjanselikskapen gjort at dei gåverike no gjer det godt i utdanningssystemet og forsvinn til meir prestisjetunge yrke: “Amongst children who left school for manual jobs in the 1940s one in twenty still had I.Q.s over 120; in the 1950s there was one in fifty, by the 1970s only one in thousand” (145). Der ein arbeidsmann tidlegare kunne tenkje for seg sjøl at han hadde vore uheldig som endte opp i dei lågare klassane, at han berre ikkje hadde fått dei same sjansane som dei betre stilte, kunne han no ikkje tenkje anna enn at ikkje hadde evner til noko meir. Ein får som fortent, og har ingen andre å skulde på enn seg sjølv. Dei talentfulle flyt opp, og dei talentlause synk ned til botnen.

Nøkkelen til framgang, skriv Youngs sosiolog, er at samfunnet underkastar seg eit enkelt naturleg faktum: genetisk ulikskap. Målet må vere at dei rette folka får dei rette posisjonane. Dei talentfulle (“de gode hodene” som det gjerne heiter no) må innta samfunnets leiande sjikt, same kva klasse dei kjem frå. Då går samfunnet frå “an aristocracy of birth” til “an aristocracy of talent”, som også er eit genetisk aristokrati. Like sjansar tyder derfor i det lange løp eit biologisk fundert klassesystem, der posisjon i samfunnet er korrelert med IQ.  “Socialists did not see that, as it was applied in practice, equality of opportunity meant equality of opportunity to be unequal”.

Når Youngs imaginære sosiolog skriv denne historia, i 2034, har ein allereie begynt å diskutere neste skritt. Sidan intelligens er arveleg, og medlemmer av eliten har ein tendens til å gifte seg og få barn med andre medlemmer av eliten (såkalla “intelligenic marriage”), altså med folk like intelligente som dei sjølve, blir foreldras posisjon igjen ein god prediktor for eins eigen posisjon (eit nasjonalt intelligensregister der ein kan sjekke aktuelle partnarar si stamtavle, med oppgitt IQ for deira foreldre og besteforeldre, kan sikre at eliten gjer dei rette ekteskapsvala og sjølv får intelligente barn). Heilt perfekt er ikkje denne korrelasjonen. Framleis blir det født nokre heilt få talentfulle barn i dei lågare klassane, og nokre få mindre talentfulle barn i dei øvre klassane. Utviklinga av endå betre testar gjer likevel utviklinga fullkomen. Det siste steget er at ein med sikkerheit kan predikere eit barns intelligens frå foreldras inntelligens. Ein kan difor gjeninnføre den gamle ordninga, at ein automatisk vert det same som foreldra sine. Det vil nemlig gi same resultat som sjanselikskap. Ironisk nok gjer altså ein slik perfekt gjennomført sjanselikskap at  sjanselikskap blir overflødig. Ein innser at det berre hadde ein funksjon i ein overgangsperiode. I første fase er det sosial bakgrunn, ikkje evner som tel. I ein overgangsperiode på 100 år har ein full sjanselikskap, der det er evner som tel. I tredje fase kan ein igjen la sosial bakgrunn avgjere, sidan denne no er blitt perfekt korrelert med evner. Youngs imaginære sosiolog var skeptisk til denne tredje fasen, men ein fotnote fortel at han vart sjølv drepen i ein revolusjon, ein revolusjon lesaren ikkje får vite utfallet av.

Det interessante spørsmålet som denne boka reiser, er ikkje primært i kva grad denne utviklinga liknar på den faktiske utviklinga, men eit normativt spørsmål om verdien av sjanselikskap. Dei fleste vil i dag forsvare ein eller annan form for sjanselikskap. Dei ulike variantane av sjanselikskap har likevel det til felles at dei er meir overtydande når dei seier kva prestasjonar og status ikkje skal kvile på enn når dei seier kva prestasjonar og status skal kvile på. Når ein reduserer effekten av ein faktor, auker ein effekten av ein annan. Det er lett å seie at det er urettferdig dersom foreldre, klasse, kjønn eller hudfarge avgjer kvar me havnar i samfunnet, men det er vanskeleg å seie kva som skal avgjere kvar me havnar—det er dette me kan kalle Youngs problem. Innsats? Det er rimeleg å anta at kva innsats ein viser er bestemt av både sosialt miljø og genetiske faktorar. Faktiske ferdigheiter og kunnskapar? Vel, desse har også sine årsaker, sosiale og/eller biologiske. Naturleg talent? Michael Young viser nettopp korleis dette kan utvikle seg til eit skrekkscenario. Ja, etter å ha lese Young tar ein seg sjølv i å meine at det kanskje er best om utdanningsprestasjonar og sosial posisjon til sjuande og sist kviler på ei blanding av sosiale og biologiske faktorar.

* Michael Young si oppdatering frå 2001 er også verdt å lese: Down with meritocracy.

LEAVE A COMMENT