Miljøproblem og sivil ulydnad

Det ser ut til at klimaendringar vil få alvorlege følgjer for jorda og menneska i framtida. Likevel blir lite gjort for å hindre dette. Når demokratiet ikkje ser ut til å kunne handtere dette problemet, bør ein då bryte lova for å tvinge fram nødvendige tiltak? I Noreg har me ein viss tradisjon for sivil ulydnad i miljøsaker, frå Arne Næss i Mardøla til bunadsjentene i Hardanger. Er det noko galt med slike aksjonar? Forskarar har rekna seg fram til at 75 prosent av alle kjente karbonreservar må bli liggjande dersom global oppvarming skal avgrensast til til to grader. Kan det vere rett å lenke seg til installasjonar i oljeindustrien for å bidra til at Noreg gjer si plikt på dette feltet?

Ein av dei mest kjende teoriane om sivil ulydnad kan ein finne i John Rawls sitt klassiske verk A Theory of Justice. Det som er mindre kjend, er at eit av Rawls sine eksempel på rettmessig sivil ulydnad nettopp har å gjere med omsynet til framtidige generasjonar.

Rawls definerer sivil ulydnad som ein offentleg, ikkje-valdeleg og ulovleg handling utført for å endre ein demokratisk regjerings lover eller politikk. Vidare må handlinga vere gjort ut frå politiske prinsipp om rettferd. Det gjeld ikkje som sivil ulydnad dersom ein gjer handlinga ut frå rein eigeninteresse. Dersom eg lenkar meg fast til kontorstolen min for å få høgare løn til meg sjølv, er det ikkje sivil ulydnad, men dersom eg blokkerer hovudinngangen til eit offentleg bygg for å protestere mot diskriminering i arbeidslivet, så kan det vere det.

Det vanskelege spørsmålet som sivil ulydnad reiser, gjeld kva ein bør gjere når ulike plikter kjem i konflikt. På den eine sida har ein plikt til å følgje demokratisk vedtatte lover. På den andre sida har ein plikt til å kjempe mot urettferd. Men kva er rett å gjere når demokratiet gjer urett?

Rawls stiller opp tre vilkår som må vere oppfylte for at sivil ulydnad skal vere legitim. For det første må sivil ulydnad utførast i protest mot klar urettferd. Ein kan ikkje bryte lover for å få kapitalskatten ned frå 27 til 26 prosent. For det andre skal sivil ulydnad vere ein siste utveg. Først når ein har forsøkt å få til ei endring gjennom dei vanlege kanalane, og dei politiske partia og majoriteten av folket har vist seg apatiske eller umedgjerlege, kan sivil ulydnad vere rett. Det tredje vilkåret er, for å setje det på spissen, at ikkje den sivile ulydnaden fører til at samfunnet bryt saman og at rettferd difor blir endå vanskelegare å realisere.

I følgje Rawls sin teori er såkalla “pure time preference” urett. Ein kan ikkje handsame generasjonar ulikt eine og åleine fordi dei kjem før eller etter i tid. Temporal plassering er moralsk irrelevant. Det tyder at dersom me i den nolevande generasjonen prioriterer våre eigne interesser framfor interessene til seinare generasjonar, så handlar me urett. Ei slik urett kan gi god grunn for sivil ulydnad. Dersom ei regjering fører ein politikk som øydelegg for framtidige generasjonar, kan sivil ulydnad vere både rimeleg og nødvendig, også dersom regjeringa har demokratisk støtte for politikken sin. Interessant nok meiner Rawls at akkurat det same argumentet gjer at det kan vere rett for ei regjering å gå imot folkefleirtalet av omsyn til framtidige generasjonar. Dersom folket går inn for politikk som skadar framtidige generasjonar, bør ei regjering gå mot folket og tvinge gjennom dei nødvendige tiltaka, så å seie i namnet til våre barn, barnebarn og deira barn igjen. Akkurat det verkar likevel lite aktuelt i høve til klimaendringar.

Natur og Ungdom har varsla sivilt ulydige aksjonar i kampen mot dumping av gruveavfall i norske fjordar. Dei er redde for at gruveavfallet vil utrydde alt liv i dei aktuelle fjordane og mellom anna øydeleggje livsvilkåra for ulike fiskeslag. Sjølv om John Rawls ikkje skreiv noko om laks eller torsk, kan det altså sjå ut som om Natur og Ungdom kan finne støtte for sine aksjonar i teoriane til det som utan tvil var den største politiske filosofen på 1900-talet. Når går nokon inn for sivil ulydnad for å bremse klimaendringar?

Ei modifisert utgåve av dette innlegget stod på trykk i Klassekampen, 2.7.2015

LEAVE A COMMENT