Kva tyder sjanselikskap?

Dei fleste samfunn er prega av sosial ulikskap. Nokre menneske har meir makt, eigedom og fridom enn andre. Er slik ulikskap urettferdig? Kva kjenneteiknar eit rettferdig samfunn? I moderne samfunn er utdanning ein viktig måte å få tilgang til ulike stillingar på, og dermed til ulike gode som er knytta til stillingane. Utdanningssystemet fungerer med andre ord som ein mekanisme som sorterer folk på ulike posisjonar. Det er lett å tenke at utdanning er ein meir rettferdig måte å fordele gode på enn at eins sosiale status blir bestemt frå fødselen av etter kva foreldre ein har. Problemet, om det då er eit problem, er at utdanningsprestasjonar heng saman med kva sosial gruppe ein høyrer til. Faktorar som kjønn, etnisitet og klasse påverkar både kva utdanning ein får og kor godt ein gjer det i utdanninga. Er det rettferdig? Kva kjenneteiknar eit rettferdig utdanningssystem?

Det vanlegaste svaret på dette i dagens debatt er sjanselikskap, men dette idealet kan tolkast på svært ulike måtar. Sjanselikskap kan derfor nyttast til å forsvare alt frå marknadsliberalisme på høgresida til sosialisme på venstresida. Ei standard inndeling er å skilje mellom tre ulike typar sjanselikskap: minimal, rimeleg og radikal. Ein skal vere varsam med å plotte desse ulike ideala om sjanselikskap inn i det politiske spekteret frå høgre til venstre. Jerry Cohen sine nemningar på dei ulike typane av sjanselikskap gir oss likevel ein viss peikepinn. Han kallar minimal sjanselikskap for bourgeois sjanselikskap, rimeleg sjanselikskap for venstreliberal sjanselikskap (andre stader kallar han det liberal-egalitariansk) og radikal sjanselikskap for sosialistisk sjanselikskap. Den første reknar han som nær allment akseptert i dag, om enn ikkje allment realisert. Den andre assosierer han med John Rawls, og peiker på at også denne krev eit langt meir egalitært samfunn enn det USA og England i dag er. Han nemner ikke Noreg, så det er vanskeleg å vite kor langt unna han meiner dei skandinaviske landa er rimeleg sjanselikskap. Cohen sjølv går inn for den tredje typen, om enn han vedgår at det nok er utopisk å realisere.

Forskjellen mellom dei tre typane sjanselikskap kjem fram når ein samanliknar skulen med ein idrettskonkurranse, for eksempel løping. For å oppnå minimal sjanselikskap må ein først og fremst sørge for at ingen blir hindra i å stille opp. Vidare må ein sikre at dommarane er nøytrale og at reglane for løpet ikkje blir laga til slik at nokon får fordeler. Alle veit kva reglane er, og den som kjem først til mål er vinnaren, uavhengig av om han er rik eller fattig, mann eller kvinne. For å oppnå rimeleg sjanselikskap må det meir til. Då må ein også sørge for at nokon ikkje har mykje betre sko enn andre. Ein må dessutan redusere forskjellar i høvet til å trene. Ein kan gi stønad til dei dårlegare stilte slik at dei får like gode trenarar som dei godt stilte, og ein kan byggje idrettshallar slik at dei som kjem frå område med dårleg klima, har like gode treningsforhold. Det er ikkje rimeleg sjanselikskap før også desse føresetnadane for å bli gode løparar er utlikna. Til det svarar tilhengjaren av radikal sjanselikskap at det ikkje er rettferdig før også dei som ikkje er født med talent for løping har hatt like gode sjansar. Sidan dei startar med eit handikap må dei få ikkje berre like gode trenarar og treningsforhold som dei andre, men betre. Om ikkje dette er tilstrekkeleg til å gi dei like sjansar, må ein vurdere å la dei få starte litt framfor dei andre, eller å gi premie også for innsats, eller kanskje rett og slett å gi alle same premie, uavhengig av plassering. Ein kan derfor seie at medan minimal og rimeleg sjanselikskap tek vare på konkurranseaspektet, så vil tilhengjarar av radikal sjanselikskap ofte gå i retning av å redusere dette aspektet ved utdanningssystemet.

Radikal sjanselikskap verkar lite plausibelt for mange. Det er vanskeleg å tenkje seg at talent ikkje skulle bety noko i utdanning. Tilhengjaren av radikal sjanselikskap vil vedgå at det er vanskeleg å kompensere dei minst talentfulle så mykje at dei presterer like godt som dei mest talentfulle, men han vil likevel prøve å kome nærare idealet, til dømes ved å gi svakare elevar meir ressursar. Det er også andre tiltak ein kan sette inn for å utlikne livssjansane mellom meir og mindre talentfulle. Ein kan redusere den tydinga som utdanningsprestasjonar har for vidare utdanning, til dømes ved å la folk i størst mogleg grad få ta høgare utdanning uavhengig av karakterar. Ein kan redusere den tydinga som utdanning har for kvar ein hamnar i samfunnet, altså ved å dempe utdanningssystemets sorteringsfunksjon, til dømes ved å la erfaring spele ei større rolle enn karakterar ved tildeling av stillingar i arbeidslivet. Ein kan også i større grad løne innsats når ein skal setje karakterar, slik ein allereie no gjer i kroppsøving. Og mest av alt: Ein kan redusere skilnaden i løn mellom stillingar som går til dei talentfulle og stillingar som går til dei mindre talentfulle. På denne måten vil prinsippet om radikal sjanselikskap krevje, om ikkje streng likskap, sidan det framleis vil vere forskjellar i innsats, så i alle fall ein langt større grad av sosioøkonomisk likskap generelt i samfunnet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *