Kjønnsforskjellar i skulen – er dei urettferdige?

Jenter gjer det betre enn gutar innan utdanning. Dei får betre karakterar i dei fleste fag, og dei er til dels sterkt overrepresentere i høgare utdanning. Dette gjeld ikkje berre Noreg, men vekkjer debatt over store deler av den rike verda. Desse forskjellane blir ofte sett på som problematiske, som noko me må gjere noko med, noko som helst ikkje burde vore der. Men er det slik? Er det urettferdig at jenter gjer det betre enn gutar på skulen?

Me kan vere samde om at det er eit problem dersom gutar gjer det fordårleg på skulen, til dømes at dei fell oftare frå på vidaregåande. Men det er eit anna spørsmål om det er eit problem at gutar gjer det dårlegare enn jenter. På kva grunnlag kan ein hevde at prestasjonsforskjellar mellom kjønn er urettferdige? Svaret kjem an på kvifor jenter gjer det betre enn gutar (sjå her for eit nyttig oversyn).

Det verkar opplagt at desse forskjellane er urettferdige dersom dei er resultat av diskriminering. Når menn gjorde det betre enn kvinner for 50 og 100 år sidan, var det eit teikn på urettferd, sidan skilnadane skuldast diskriminering. Men det er ikkje så lett å finne slik åpenbar diskriminering av gutar i dagens utdanningssystem. Kan det kanskje finnast meir subtile former for diskriminering?

Dersom det viser seg at gutar blir handsama dårlegare eller møtt med lågare forventningar enn jenter, og at dette gjer at dei presterer dårlegare, så er det rimeleg å seie at forskjellane er urettferdige. Men kva om det skulle vise seg at gutar av natur har vanskelegare for å sitje i ro enn jenter, og at skulen premierer dei rolege, er dette då diskriminering? Det er ikkje like opplagt—det er trass alt ikkje heilt irrelevant å kunne sitje i ro på skulen. Eller endå tydelegare: Dersom ein kunne bevise at jenter har lettare for å lese enn gutar, og derfor får eit tidleg forsprang som seinare blir til statistiske kjønnsforskjellar, er skulen sin premiering av god lesedugleik ein type diskriminering? Neppe, lesing er ein vesentleg del av skulen. Så kvar grensa går mellom “gutar blir diskriminerte i skulen” og “gutar er dårlegare tilpassa skulen” er vanskeleg å seie.

Kva om det ikkje har vore nokon diskrimering nokon stad, kan kjønnsforskjellane likevel vere urettferdige? Nokre vil kanskje meine at dei statistiske kjønnsforskjellane åleine er nok til å vise at diskriminering har funne stad. Sidan kjønna i utgangspunktet har like gode evner, så forskjellane skuldast urettmessig forskjellsbehandling. Andre vil gå eit skritt vidare til å snakke om systemisk urettferd. Eit system kan vere urettferdig sjølv om ikkje nokre individ i dette systemet har gjort noko urett.

Dersom jenter gjer det betre enn gutar fordi dei arbeider meir eller hardare, vil mange meine at det berre er rett og rimeleg at dei får betre karakterar eller kjem inn på prestisjefylte studiar. Det ville snarare vore urettferdig om dei ikkje fekk betre utdanningsresultat enn dei statistisk sett latare gutane. På den andre sida: Dersom den svakare motivasjonen og innsatsen skuldast opplæringa gutane har fått i heimen, så er det ikkje deira feil at dei har fått den oppsedinga dei har fått, og kan det då vere rettferdig at dette får følgjer for korleis dei gjer det på skulen?

Ein skal ikkje utelukke at jenter rett og slett er smartare enn gutar. Kanskje likestilling berre har fått det fram i dagen at jenter er genetisk overlegne, i alle fall når det gjeld dei evnene som er relevante for skulen. Kva tyder det for det normative spørsmålet om rettferd? Her kjem det fram interessante filosofiske forskjellar. I følgje John Rawls sitt prinsipp om rimeleg sjanselikskap er det ikkje urettferdig at dei som har meir naturleg talent enn andre gjer det betre. Men i følgje Jerry Cohen sitt prinsipp om sosialistisk sjanselikskap er forskjellar basert på naturleg talent urettferdige, sidan ein ikkje kan noko for kva talent ein er utstyrt med frå naturen si side. For Cohen vil det difor vere moralsk irrelevant om jenter eventuelt skulle vere fødde med betre evner enn gutar. Skilnadane bør uansett jamnast ut.

For å komplisere endå meir, kan det også vere at me må dra inn det som vert kalla historisk rettferd. Ja, kanskje er det urettferdig at jenter lukkast betre i utdanningssystemet, men det er ikkje meir enn passande kompensasjon for den urettferda som har råka jenter og kvinner i tusenvis av år. Ein møter ei stor urettferd med ei lita urettferd, og totalt sett blir det meir rettferd av det, kan ein hevde.

LEAVE A COMMENT