Seksualundervising og livssynspluralisme

I eit fleirkulturelt samfunn vil det vere grunnleggjande verdikonfliktar. Då kan det også oppstå djup usemje om kva verdiar og livssyn skulen skal byggje på og formidle. Mykje av diskusjonen kring dette, både i media og akademia, har handla om religionen sin plass i skulen. Men livssynskonfliktar kan oppstå også på andre område. Eit område som det ikkje har vore så mykje fokus på i Noreg, er seksualundervising. I kva grad bør seksualundervisinga ta omsyn til ulike syn på seksualitet?

Me kan skilje mellom to fundamentalt forskjellige syn på seksualitet.

Det første kan me kalle eit liberalt syn. Dette er det synet at alle seksuelle praksisar, som omfattar både orienteringar og aktivitetar, er moralsk akseptable så lenge dei skjer mellom samtykkjande vaksne, i alle fall i private rom og utan skade på tredjepart. Ulike variantar av dette synet oppstår avhengig av korleis ein definerer «vaksen», kva ein krev av samtykke og kva ein reknar som utillateleg skade på tredjepart. Alle variantane har likevel til felles at, populært uttrykt, kva som skjer mellom frie, vaksne menneske på soverommet er deira eige sak, og ikkje noko som andre skal leggje seg opp i eller meine noko om. Seksuelle aktivitetar er ikkje moralsk problematiske i seg sjølve, men blir det først dersom dei er ufrivillige. Liberale ser gjerne seksualitet som noko naturleg, ein arena for nyting, intimitet og sjølvrealisering, og som kan blomstre i mange former og variantar.

Det andre kan me kalle eit konservativt syn. Dette er det synet at seksualitet er noko som høyrer ekteskapet til, forstått som ein relasjon mellom mann og kvinne, og som oftast også som ein religiøs institusjon. Seksualitet utanfor denne ramma er moralsk uakseptabelt eller i det minste moralsk problematisk. Homofili vil difor bli sett på som umoralsk, i det minste når ein er, som det heitte tidlegare, «praktiserande». Ulike variantar av det konservative synet oppstår avhengig av kor strengt ein vaktar om desse rammene. I enkelte versjonar vil alle seksuelle aktivitetar som fjernar seg frå «det naturlege», dvs. frå det som er knytt til reproduksjon innanfor ekteskapet, bli rekna som galt, til dømes onani, oralsex og sex med prevensjon. Det vil vere ei misforståing å tru at konservative har eit negativt syn på sex, sidan mange av dei snarare har ei svært opphøgd forståing av seksualitet, men dei er gjerne av den oppfatning at det dreier seg om ei potensielt destruktiv kraft som må haldast i kontroll slik at ho blir kanalisert inn i dei rette rammene, dvs. det monogame ekteskapet mellom mann og kvinne.

Ein tilhengjar av det liberale synet vil typisk leggje vekt på at seksualundervisinga skal gi informasjon om ulike orienteringar og aktivitetar, slik at kvar enkelt kan treffe sine eigne val. Han eller ho vil formidle at seksuelle praksisar ikkje er umoralske i og for seg, og vil særleg unngå moralisering som kan skape skuldkjensler. Mange liberale vil også fokusere på det positive med eksperimentering slik at ein finn ut kven ein sjølv er og kva ein likar best. Samtidig vil dei framheve tydinga av samtykke og dermed av personleg grensesetjing. Grensesetjing handlar i det liberale perspektivet primært om at ein lærer seg å stå imot press slik at ein ikkje blir med på noko seksuelt som ein eigentleg ikkje vil.

Ein tilhengjar av det konservative synet vil typisk insistere på at undervising må ta klar stilling til rett og galt, og forsøke å overføre gyldige verdiar og reglar til dei unge. Innan seksualundervising inneber dette å formidle til elevane kvifor seksualitet høyrer ekteskapet til, og å setje dei i stand til å leve deretter. Den konservative vil typisk vere negativ til at homoseksualitet blir framstilt i eit positivt lys og på lik linje med heteroseksualitet. Mange konservative vil også vere skeptiske til at ein skal formidle kunnskap som dei meiner implisitt kan fungere som oppmodingar til umoralsk åtferd, til dømes om prevensjon. Det konservative synet vil vidare leggje vekt på at unge byggjer seg opp eit vern mot eit seksualfiksert moderne samfunn. Grensesetjing handlar i det konservative synet primært om at ein lærer seg å stå imot press slik at ein ikkje let seg lokke med på noko som er galt.

Den liberale og den konservative seksualmoralen spring ut av ulike livssyn. Me har difor å gjere med ein livssynspluralisme på det seksuelle området. Dette skapar ei utfordring for seksualundervisinga i den offentleg skulen. På den eine sida må skulen byggje på samlande verdiar, respektere foreldreretten og ikkje diskriminere livssyn. På den andre sida gjer den seksualmoralske pluralismen det vanskeleg å sjå kva desse samlande verdiane skal vere. Kva verdiar kan ein leggje til grunn for seksualundervisinga i den offentlege skulen?

Det finst tre forskjellige måtar å respondere på problemet om seksualundervising og livssynspluralisme på. Mitt eige løysingsforslag er ein variant av den tredje.

Den første strategien er unngåing. Denne strategien spring ut av ein skepsis til at problemet lar seg løyse. Seksualundervising er for omstridt til å inngå i ein fleirkulturell skule. Det må enten vere heimen sitt ansvar aleine, eller så må ein nøye seg med ei heilt minimal seksualundervising, til dømes konsentrert om dei fysiologiske og biologiske sidene ved seksualitet. Seksuelle orienteringar og aktivitetar, samt kanskje prevensjon og seksuelt overførbare sjukdommar, er for kontroversielle tema til å ta opp i ein offentleg skule som må respektere mangfaldet av livssyn. Problemet med denne strategien er likevel at han fort blir utilfredsstillande for alle leirar. Både liberale og konservative vil føle at det vesentlege ved seksualitet blir utelate, om enn dei har ulike oppfatningar om kva dette vesentlege er.

Den andre strategien er overkøyring. Denne strategien spring også ut av ein skepsis til at problemet lar seg løyse, men vel den motsette strategi av den første. Regjeringa, som er demokratisk vald, kan velje det som han vil gå inn for. Fleirtalet får slik frikort til å undervise i den seksualmoral det vil. I Noreg i dag tyder det sannsynlegvis ei liberal seksualundervising. Dette er ein freistande strategi for dei som er på lag med fleirtalet, i alle fall så lenge dei ikkje tenker på sjansen for at fleirtalet skifter, men som me såg innleiingsvis i høve til religionsundervising, er det ikkje uproblematisk. Det er eit rotfesta prinsipp i det liberale demokratiet at fleirtalet ikkje kan setje til side mindretalet sine rettar, i dette tilfellet foreldreretten og livssynsfridomen.

Ei mellomløysing, som så og seie kombinerer desse to strategiane, er å tillate fleirtalet å bestemme innhaldet i den offentlege skulen, men å opne for fritaksordningar og/eller privatskular for dei som har andre livssyn. Dette vil tyde eit nederlag for idealet om ein genuint offentleg skule, det som ein no gjerne kallar fellesskulen. Dersom ein tykkjer at dette idealet er verdt å ta vare på, må ein difor søkje andre løysingar, noko som tek oss over til det siste alternativet.

Den tredje strategien er nøytralitet. Denne strategien gir ikkje opp håpet om at det er mogleg å kombinere respekt for ulike livssyn med seksualundervising i ein offentleg, fleirkulturell skule. Løysinga er at seksualundervisinga ikkje tek stilling til om dei ulike seksualmoralske syna er gyldige eller ikkje, men i staden byggjer på objektiv kunnskap og samlande verdiar. I følgje dette synet er det ikkje legitimt å nytte slik undervising til å lære barn og unge opp til ein bestemt seksualmoral. Innhaldet i seksualundervisinga må kunne grunngjevast på ein måte som ikkje føreset sanninga til enten det liberale eller det konservative synet, men på ein måte som alle rimelege borgarar kan akseptere. Det tyder at ein ikkje kan presentere eller handsame seksuelle praksisar som moralsk rette eller gale, akseptable eller uakseptable. Til dømes kan staten gjennom den offentlege skulen ikkje ta moralsk stilling til om sex utanfor ekteskapet er moralsk rett eller galt, og følgjeleg verken oppmuntre til eller åtvare mot det.

Ei utdjuping av denne diskusjonen kan ein finne her: Bøyum, S. (2014). Seksualundervising og livssynspluralisme. I A. Tolo & Westrheim, K. (red.), Kompetanse for Mangfold. (s. 169-189). Bergen: Fagbokforlaget.