Kvifor humra kunnskapsministeren?

I spørsmålet om leiing ved universitet og høgskular har regjeringa gått inn for at tilsett rektor skal vere “hovudmodellen”. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier til forskerforum.no at det er ein klar fordel med tilsett rektor:

Fordelen er at man i større grad kan konsentrere seg om å finne en god leder for institusjonen, noe man ikke har garanti for i valgprosesser. På den annen side er det et paradoks at jeg som folkevalgt sier det, humrer statsråden

Men kvifor humra kunnskapsministeren? Han ser det paradoksale i at han som folkevald meiner at ein får betre leiarar gjennom tilsetting enn ved val. Han ser sannsynlegvis også at akkurat dei same argumenta som ein nyttar for å forsvare tilsett leiing på universitetet også kan nyttast, og har vore nytta, for å angripe demokrati på høgare nivå.

Argumentet går i alle fall tilbake til Platon, som meinte det berre var rett og rimeleg at dei mest kompetente skulle styre. På same måte som ein ikkje ville latt den mest populære styre eit skip, bør ein heller ikkje la den mest populære styre ein stat, men snarare den som har kunnskap om navigasjon. Difor bør dei best utdanna styre, og det vil seie filosofane, som altså her ikkje tyder dei tilsette på Institutt for filosofi. Staten er kort sagt altfor komplisert til å bli overlatt til halvstuderte røvarar. Så Platon ville ikkje humra, men gått inn for å erstatte kunnskapsministeren med betre kvalifiserte folk. Epistokrati er betre enn demokrati.

Ein moderne forsvarar av epistokrati er Jason Brennan. I artikkelen “The Right to a Competent Electorate” hevdar Brennan at ignorante borgarar bør miste stemmeretten. Når ein stemmer, så er ein med på å utøve betydeleg makt over andre enn seg sjølv, og borgarar har rett til at denne politiske makta over dei skal utøvast av kompetente folk på ein kompetent måte. På same måte som det er urett dersom jurymedlemmene i ein drapssak domfeller ein mann utan å ha fått med seg kva saka handla om, fordi dei sat og tenkte på heilt andre ting, er det urett at borgarar som manglar kunnskap om politikk og samfunn skal få stemme. Skal ein vere med på å styre, må ein vere kompetent. Brennan ville heller ikkje humra.

I Michael Young sin dystopiske satire frå 1958, The Rise of the Meritocracy, ser ein sosiolog i 2034 tilbake på utviklinga:

The supremacy of parliament was no sooner assured than it began to be threatened by the ever-growing complexity of the state. The men … of the first Labour Government under Ramsay MacDonald, were worthy of their place. The issues were still so simple that the intelligent amateur – the proud status of the ancient M.P.s – could make a wise decision. Under conditions of primitive technology this was true. By the time of the Butler Government the ordinary business of state had become so extraordinary that the amateur, however gifted, could do little more than go through the motions of grappling with it.

Youngs imaginære sosiolog helsa difor meritokratiet velkomen. Dei mest kompetente må styre.

Ein kunne svare at det er avgjerande skilnad på ein stat og eit universitet. Nasjonalstaten er ei suveren eining, og eit universitet er ein del av denne suverene eininga. Det er staten som skal setje mål for universitetet, og leiarane der skal berre administrere tiltak for å nå desse måla. Men den skilnaden er ikkje så opplagt lenger. Tenk at Noreg kjem med i EU. Tenk at integrasjonen i EU held fram. Kor lang tid vil det då ta før nokre ivrige EU-leiarar går inn for å erstatte den folkevalde leiinga i enkeltlanda med høgt kompetente tilsette leiarar? Land er trass alt mykje meir kompliserte å styre enn universitet. Kva ville kunnskapsministeren sagt då? Ville han framleis humra?