Rettferdig fordeling av kognitiv doping

Med jamne mellomrom les me om studentar som nyttar reseptbelagte medikament for å prestere betre på skule og universitet. I følgje Bergens Tidende nyttar over fire prosent av norske studentar prestasjonsfremjande legemiddel på studiet. Og som det alltid heiter: I USA er det langt verre. Rapportane derifrå tyder på at mellom fem og femten prosent tek “smart drugs” eller “nootropics” som Adderall og Provigil. “An era of doping may be looming in academia”, som det stod i New York Times i artikkelen “Brain Enhancement Is Wrong, Right?” Til vanleg blir dette framstilt som eit problem. Men er det det?

Under namnet “cognitive enhancement” blir dette diskutert også i filosofien (om enn ikkje like ofte som såkalla “moral enhancement”, medikament som gjer deg til eit betre menneske i moralsk forstand). Sidan me ikkje har nokon god omsetjing av “enhancement”, vel eg å kalle det for kognitiv doping. På norsk blir det også ofte kalla “akademisk doping”, men det er misvisande sidan effekten og bruken ikkje treng å vere avgrensa til akademia. Ein kan like gjerne tenkje seg det brukt av barn og unge i skulealder.

Personleg trur eg ikkje kognitiv doping er eit stort problem i Noreg, om det då er eit problem. Det verkar i alle fall ikkje som om mine studentar sit og knaskar piller for å få betre minne, konsentrasjon eller intelligens. Men det kan vere nærare enn ein trur, og det er langt frå science fiction. Foreløpig ser det likevel ut til at verknadane er for små og biverknadane for store. Bergens Tidende sin informant, Martin (21), som brukte Ritalin for å auke konsentrasjonen og arbeidsmengden, seier til dømes: “Dagen etter husket jeg nesten ingenting av det jeg hadde lest”.

Men kva om ein fann medikament uten biverknader som hadde stor positiv effekt på kognitive eigenskapar som er relevante for utdanningsprestasjonar? Mange ville likevel vore skeptiske til å sleppe slike medikament fri, men ikkje eg, sjølv om eg vedgår at det virvlar opp nokre vanskelege filosofiske spørsmål. Eit slikt spørsmål har med fordelingsrettferd å gjere.

Tenk deg at eit legemiddelfirma utvikla eit produkt, kall det Intellicet™, som auka intelligensen med 50 prosent—heilt uten biverknader. Brukarane av Intellicet™ gjorde det langt betre på skulen enn tidlegare. 3 vart til 5, og C vart til A, utan meir arbeid. Tenk deg så følgjande to scenario.

I det første scenariet er Intellicet™ svært dyrt, slik at berre dei rike har råd til å kjøpe det til barna sine. Er det urettferdig? Etter mitt syn er svaret ja, og staten bør difor gjere sitt for å utjamne denne fordelen. Det kan ein gjere ved å forby medikamentet, men det vil vere lite lurt med tanke på konkurransesituasjonen i høve til andre land. Ei betre løysing vil vere at staten subsidierer medikamentet slik at alle har råd til det. Ein kan til dømes gi støtte til kognitiv doping gjennom eit behovsprøvd tillegg til lånekassestipendet. Eg har ei kjensle av at mange vil reagere på dette forslaget med vantru, men eg meiner det ganske så alvorleg.

I det andre scenariet er Intellicet™ svært billig, men det har ikkje effekt på alle som tek det. Er det urettferdig? Her trur eg at våre normative intuisjonar vil henge saman med kor kor mange det gjeld. Hvis Intellicet™ verkar på 95 prosent av studentane, vil mange meine det er urettferdig for dei siste 5 prosenta, sidan det uheldige mindretalet då ikkje vil ha like gode sjansar til å lukkast som det heldige fleirtalet. Men kva om det er omvendt, at Intellicet™ berre verkar på eit lite mindretal og ikkje på det store fleirtalet? Då vil mange meine at det ikkje er urettferdig, sjølv om det er vanskeleg å sjå kvifor me skulle ha andre intuisjonar i dette tilfellet. Og kva om medikamentet sin effekt aukar gradvis, slik at nokre få har liten nytte av det og nokre få har stor nytte, og dei resterande 80 prosenta er spreidd ut mellom desse to ytterpunkta? Skal me prøve å jamne ut denne ulikskapen?

Forhåpentlegvis ser lesaren no at desse scenarioa ikkje er prinsipielt forskjellige frå vår faktiske verd. Dei set berre på spissen forskjellar som me allereie har, og samlar såleis heile problemet med sjanselikskap i ein tablett. Det første scenarioet set på spissen forskjellane mellom rike og fattige. Barn av ressurssterke gjer det betre i utdanningssystemet enn barn av ressurssvake, sjølv om høvet som dei velståande har til å kjøpe ei betre utdanning for barna sine varierer frå land til land. Det andre scenarioet set på spissen forskjellane mellom dei meir og mindre talentfulle. Barn med mykje naturleg talent gjer det betre i utdanningssystemet enn barn med mindre naturleg talent, sjølv om det i praksis er vanskeleg å fastslå kor stor denne effekten er. Så dersom ein meiner at staten bør gjere sitt for å jamne ut forskjellar basert på Intellicet™ i det første og det andre scenarioet, bør ein strengt tatt meine at staten også skal gjere det i høve til foreldreøkonomi og naturleg talent her og no.