Effekten av lekser

Å spørje om lekser verkar er like meiningslaust som å spørje om medisin verkar.

I samfunnsdebattar generelt og skuledebattar spesielt les ein stadig om kva forsking viser og ikkje viser. Men kva forsking viser er som oftast mykje meir komplisert. Å forstå dette bør vere ein del av den vitskapelege allmenndanninga.

I diskusjonen om heimelekser møter ein ofte påstandar om at lekser ikkje verkar, gjerne med referanse til forsking. Ein politikar hevdar at lekser hemmar snarare enn fremmar læring. Ein lærar påstod nyleg at lekser kan ha “en direkte skadelig virkning på elevenes læring.” Kampanjen Leksefri Familie vil avskaffe lekser fordi forsking har vist at det har “veldig liten effekt.”

Det finst også folk som hevdar det motsette. Desse viser sjeldnare til forsking, men argumenterer gjerne ut frå den naturlege intuisjonen om at øving gjer meister. I eit innlegg i BT seier til dømes ein undervisingsinspektør at han “tror på lekser” og at elevar på same måte som idrettsutøvarar må øve dersom dei skal bli gode.

Men bør ikkje dette vere ein enkel sak å avgjere med forsking? Har lekser effekt eller har dei det ikkje? Dessverre verkar forskinga også å sprike. Ein professor ved NTNU meiner at “læringsforskning viser at lekser er viktige for læring”. Ein forskar ved Statistisk Sentralbyrå har kome fram til at lekser har ein “svak positiv effekt, men for de som kommer fra ressurssterke familier.” Andre igjen synest å seie at elevar med mykje lekser får dårlegare karakterar, medan velkjende John Hattie konkluderer med at “homework in primary school has an effect of zero.”

Tyder dette at vitskapen er verdilaus? Nei. Det kan tyde at forskarar er usamde, men ofte har den tilsynelatande usemja å gjere med at det handlar om ulike typar studiar som undersøkjer litt ulike ting. Dette viser oss noko viktig. Forsking gir sjeldan klare svar som kan overførast direkte til praktiske, politiske spørsmål. Det tyder ikkje at forsking er fåfengd, men at verda er for kompleks til å kunne fangast i formlar som “Forsking viser at X (ikkje) verkar.” Det kan vere frustrerande med alle atterhalda, men god forsking er typisk nyansert.

Det er omtrent like meiningslaust å spørje om lekser verkar som å spørje om medisin verkar. Det kjem sjølvsagt an på kva og kven og korleis. Me bør derfor ikkje spørje om lekser har effekt, men om kva type leksar som har kva type effekt på kva type elevar i kva type situasjon. Det er til dømes forskjell på om ein gjer leksene under rolige og ryddige forhold, med foreldre som har god tid til å hjelpe dersom det er nødvendig, og om ein gjer leksene i full fart mellom middagsrestane før ein spring til fotballtrening, medan foreldra slumrar på sofaen.

Som dette eksempelet viser er ikkje spørsmålet om effekten av lekser eit objektivt spørsmål i den forstand at svaret er uavhengig av oss som foreldre. Om lekser har effekt, og kva effekt dei har, er delvis opp til oss, om me klarar å skape det rommet rundt leksene som gjer at barna lærer noko av dei og utviklar positive haldningar til skulearbeid. Forsking kan ikkje frita oss frå det ansvaret. Til sjuande og sist kjem det an på oss sjølve.

[opprinnelig publisert på Bergens Tidende Innsikt 15.11.2015]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *