Dum og deilig?

Når Marilyn Monroe fortalde at stjerneteiknet hennar, Tvillingen, stod for intelligens, begynte folk å le. Og i Norge har det i alle fall sidan Knutsen og Ludvigsen vore ein folkeleg assosiasjon mellom dum og deilig. Likevel viser forsking at menneskje som vert sett som vakre gjerne også blir oppfatta som smarte. Dette gjeld også innan utdanning.

Korleis ein gjer det innan utdanning heng saman med mange faktorar, mellom anna talent, bakgrunn, kjønn, etnisitet osv. I mi forsking har eg særleg vore opptatt av spørsmålet om når slike samanhengar er teikn på urettferd. Dei fleste vil vere einige i at slike samanhengar er urettferdige dersom dei skuldast diskriminering, til dømes rasisme eller sexisme. I det siste har ein også stadig oftare høyrd snakk om ein annan -isme, nemleg lookisme, diskriminering på basis av utsjånad.

Eg kjenner ikkje til tilsvarande studiar i Noreg, men internasjonalt finst det ein del forsking som viser at menneskje som blir vurdert som attraktive også får betre karakterar i skulen. Dette er naturlegvis statistiske skilnader, men nokre av dei er likevel ganske markante. Ikkje nok med det, attraktive menneske får også ein rekkje andre fordeler ut over i livet. Er dette urettferdig? Bør me gjere noko med det, og i så fall korleis?

Spørsmål om lookisme i arbeidslivet reiser eigne spørsmål, så lat oss halde oss til spørsmål om lookisme i skulen, at dei vakre får betre karakterar. Dei fleste vil vere samde i at det er urettferdig dersom dette skuldast fordommar og stereotypar (det såkalla “physical attractiveness syndrome”). Korleis kan ein i så fall motverke slik diskriminering? Liknande forsking innanfor andre felt viser at det kan vere svært vanskeleg å endre djuptliggande stereotypar. Det er omdiskutert om det hjelper noko særleg å kjenne til stereotypane. Enkelte hevdar jamvel at bevisstgjering kan forsterke stereotypar. Innanfor skulen har ein foreslått både større bruk av anonym vurdering og mindre klassar med faste lærarar, slik at lærarane blir godt kjende med elevane og difor ikkje kviler på overfladiske teikn som utsjånad. Andre meiner at løysinga ligg i at me endrar skjønnhetsideala våre, men det vil truleg ikkje hjelpe. Då må me i så fall slutte med skjønnhetsideal fullstendig, altså ikkje vurdere folk som meir eller mindre attraktive i det heile, verken bevisst eller ubevisst, og det har i alle fall eg vanskeleg for å tenkje meg.

Men gitt at me er samde om at det er prestasjonar som skal avgjere kva karakter ein får, kva skal me seie dersom dei som me vurderer som attraktive rett og slett har betre prestasjonar? Kva om det visar seg at attraktive menneske i snitt også er meir intelligente? Det er noko ubehageleg med den tanken, men det er faktisk enkelte forskarar som hevdar dette, mellom andre den kontroversielle Satoshi Kanazawa. Det avgjerande her er ikkje primært om dette er riktig, som eg ikkje er kompetent til å vurdere, men kva moralske følgjer det har dersom det stemmer. Etter mitt syn forandrar dette på saken. Dersom me kan utelukke at prestasjonsforskjellane skuldast tidlegare diskriminering, vil eg meine at samenhengen mellom utsjånad og karakter heller ikkje er urettferdig. Ein kan gjerne hevde at det er urettferdig at nokon får både i pose og sekk, men i så fall er det naturen som er urettferdig, ikkje skulen eller samfunnet.

LEAVE A COMMENT