Plikt til å elske?

Dei aller fleste foreldre elskar barna sine umåteleg høgt. Men enkelte foreldre slit med kjenslene for eigne barn.

Har barn rett til å bli elska? Når eg stiller folk dette spørsmålet, får eg ein av to reaksjonar. Nokre seier med ein gong “Ja, sjølvsagt!”. Andre måpar litt, dreg på det, synest liksom det er noko rart med spørsmålet, før dei seier noko i retning av “Kanskje ikkje akkurat rett, men …” Dei same synspunkta finn ein att i den filosofiske debatten om dette spørsmålet.

Dei aller fleste foreldre elskar barna sine. Det er sjølvsagt ein god ting, om enn det finst foreldre som så å seie elskar barna sine for mykje, slik at barna opplever foreldrekjærleiken som kvelande. Men det finst foreldre som slit med å kjenne kjærleik for barna sine. I nokre tilfelle kan det vere forbigåande, som med fødselsdepresjonar, men for andre kan det bli ein permanent tilstand. Ein søkjerunde på internett avdekkjer mange slike skjebnar. Foreldre som må vedgå for seg sjølve at dei ikkje elskar barna sine, har ofte skuldkjensle. Dei føler at dei gjer noko galt og kjenner seg som dårlege menneske. Men gjer dei verkeleg noko galt?

Det er vanleg å tenkje seg at rett og plikt heng saman. Dersom barn har rett til å bli elska, har difor nokon andre, fortrinnsvis foreldra, plikt til å elske dei. Men kan ein ha plikt til å elske nokon? Her finst det to ulike syn.

I følgje det første synet kan ein ikkje ha plikt til å elske barna sine, fordi kjærleik er ei kjensle, og kjensler kan ein ikkje kontrollere. Ein kan ikkje ha plikt til noko som ein ikkje er herre over. Dette synet vart formulert på klassisk vis av Immanuel Kant på 1700-talet: “Kjærleik er eit spørsmål om kjensle, ikkje vilje, og eg kan ikkje elske fordi eg vil, og endå mindre fordi eg bør; å ha plikt til å elske er difor absurd”. Ein kan ha plikt til å gi omsorg, men ikkje til å elske.

I følgje det andre synet er ikkje kjensler fullstendig uvilkårlege. Refleksjon over og arbeid med eigne kjensler kan leie til at kjenslene blir endra, noko som psykoterapi viser. Kjensler kan, som allereie Aristoteles var inne på, kultiverast. Dessutan er ikkje kjærleik berre ei rein kjensle, men er vevd inn i handlingar. Difor kan ein ha plikt til å elske, og barn kan ha rett til å bli elska, noko som sjølvsagt ikkje tyder at ein normalt sett skal elske barna sine fordi det er ei plikt.

Sjølv har eg mest sympati med det første synet. Eg nektar ikkje for at ein bør prøve å kultivere fram ei kjensle av kjærleik, og at ein bør søkje hjelp om ein ikkje får det til, men eg vil likevel hevde at dette er noko anna enn å ha plikt til å elske. Når eg les om foreldre som slit med å elske barna sine, tenkjer eg difor at dette er trist, men ikkje at dei gjer noko galt. Det er tragisk, men ikkje umoralsk.

[Teksten vart opprinneleg publisert på BT Innsikt]

Dum og deilig?

Når Marilyn Monroe fortalde at stjerneteiknet hennar, Tvillingen, stod for intelligens, begynte folk å le. Og i Norge har det i alle fall sidan Knutsen og Ludvigsen vore ein folkeleg assosiasjon mellom dum og deilig. Likevel viser forsking at menneskje som vert sett som vakre gjerne også blir oppfatta som smarte. Dette gjeld også innan utdanning.

Korleis ein gjer det innan utdanning heng saman med mange faktorar, mellom anna talent, bakgrunn, kjønn, etnisitet osv. I mi forsking har eg særleg vore opptatt av spørsmålet om når slike samanhengar er teikn på urettferd. Dei fleste vil vere einige i at slike samanhengar er urettferdige dersom dei skuldast diskriminering, til dømes rasisme eller sexisme. I det siste har ein også stadig oftare høyrd snakk om ein annan -isme, nemleg lookisme, diskriminering på basis av utsjånad.

Eg kjenner ikkje til tilsvarande studiar i Noreg, men internasjonalt finst det ein del forsking som viser at menneskje som blir vurdert som attraktive også får betre karakterar i skulen. Dette er naturlegvis statistiske skilnader, men nokre av dei er likevel ganske markante. Ikkje nok med det, attraktive menneske får også ein rekkje andre fordeler ut over i livet. Er dette urettferdig? Bør me gjere noko med det, og i så fall korleis?

Spørsmål om lookisme i arbeidslivet reiser eigne spørsmål, så lat oss halde oss til spørsmål om lookisme i skulen, at dei vakre får betre karakterar. Dei fleste vil vere samde i at det er urettferdig dersom dette skuldast fordommar og stereotypar (det såkalla “physical attractiveness syndrome”). Korleis kan ein i så fall motverke slik diskriminering? Liknande forsking innanfor andre felt viser at det kan vere svært vanskeleg å endre djuptliggande stereotypar. Det er omdiskutert om det hjelper noko særleg å kjenne til stereotypane. Enkelte hevdar jamvel at bevisstgjering kan forsterke stereotypar. Innanfor skulen har ein foreslått både større bruk av anonym vurdering og mindre klassar med faste lærarar, slik at lærarane blir godt kjende med elevane og difor ikkje kviler på overfladiske teikn som utsjånad. Andre meiner at løysinga ligg i at me endrar skjønnhetsideala våre, men det vil truleg ikkje hjelpe. Då må me i så fall slutte med skjønnhetsideal fullstendig, altså ikkje vurdere folk som meir eller mindre attraktive i det heile, verken bevisst eller ubevisst, og det har i alle fall eg vanskeleg for å tenkje meg.

Men gitt at me er samde om at det er prestasjonar som skal avgjere kva karakter ein får, kva skal me seie dersom dei som me vurderer som attraktive rett og slett har betre prestasjonar? Kva om det visar seg at attraktive menneske i snitt også er meir intelligente? Det er noko ubehageleg med den tanken, men det er faktisk enkelte forskarar som hevdar dette, mellom andre den kontroversielle Satoshi Kanazawa. Det avgjerande her er ikkje primært om dette er riktig, som eg ikkje er kompetent til å vurdere, men kva moralske følgjer det har dersom det stemmer. Etter mitt syn forandrar dette på saken. Dersom me kan utelukke at prestasjonsforskjellane skuldast tidlegare diskriminering, vil eg meine at samenhengen mellom utsjånad og karakter heller ikkje er urettferdig. Ein kan gjerne hevde at det er urettferdig at nokon får både i pose og sekk, men i så fall er det naturen som er urettferdig, ikkje skulen eller samfunnet.

Dysleksi og diskriminering

Alle veit at det er mykje dårleg språk hjå studentane (eg er ikkje gamal nok til å seie om det var betre før). Enten så har dei ikkje lært å skrive godt, det vil seie rett og klart, eller så bryr dei seg rett og slett ikkje om det. Dette gjeld sjølvsagt ikkje alle. Dessutan har nokre av dei dysleksi, sjølv om det i praksis kan vere vanskeleg å skilje desse frå dei som ikkje har det. Dysleksi er ein diagnose som stiller ein ovanfor normative utfordringar, særleg i høgare utdanning. Eit vanskeleg spørsmål er kva ein skal gjere når ein vurderer og sensurerer skriftlege oppgåver av dysleksistudentar. Er det diskriminering av dyslektikarar å leggje vekt på språk i karaktersetting? Er det urettferdig å trekkje nokon i karakter fordi dei har dårleg språk? Skal ein vurdere dyslektikarar etter andre kriterier enn ikkje-dyslektikarar?

To ytterpunkt bør vere ukontroversielle. På den eine sida er det ikkje rett å vere så opphengt i rettskriving at ein set ein student ned ein karakter eller to berre fordi han har orddelingsfeil frå tid til anna eller ikkje er heilt stø i skiljet mellom «å» og «og». Det er ikkje berre fagleg vindskeivt, men ei urettferd mot dyslektikarar å leggje så stor vekt på språklege detaljar i karaktersetting. På den andre sida: Dersom språket er så dårleg at det ikkje er klart kva studenten meiner, så må ein sjølvsagt la det påverke karakteren. Dersom feila blir så mange, og setningsstrukturen så vrang, at meininga ikkje kjem fram same kor velvillig innstilt ein er, så må det få følgjer for vurderinga. Her kan ikkje studenten seie «Men du forstår jo hva jeg mener!», sidan det er nettopp det sensor ikkje gjer.

Kva er skilnaden mellom desse to ytterpunkta? Her kjem det inn eit omgrep om relevans. Å skrive klart og forståeleg er relevant på ein måte som eit feilplassert komma ikkje er det. Eit liknande resonnement ligg under ei sak som vart handsama av Likestillings- og diskrimineringsombodet i 2014. Ein psykologistudent med dysleksi klaga på at Universitetet i Tromsø ikkje hadde oppfylt plikta si til individuell eksamenstilrettelegging. Ho ville ha munnleg eksamen i staden for skriftleg, men fekk ikkje lov til dette. Då sensor så skulle grunngi karakteren som han gav studenten på den skriftlege oppgåva, skreiv han:

«Selv om en skriftlig eksamen tester kandidatens kunnskap i faget, og ikke generelle skriveferdigheter, så vil språket være viktig fordi kunnskapen formidles gjennom det. Noen skrivefeil er ok, men dersom det blir mange av dem, og viktige fagord brukes feil, så fører det til at besvarelsen blir vanskelig å lese og at viktige sammenhenger ikke kommer frem for sensor. Det er også en del setninger som er uforståelige. Her kan man dessverre ikke som sensor legge godviljen til og anta at svaret egentlig er bra.»

Studenten, her kalla «A», var ikkje einig med universitetet:

«Tilretteleggingen UiT har innvilget … kompenserer ikke tilstrekkelig for hennes nedsatte funksjonsevne. Dette vises for eksempel ved at A på eksamen av flervalgsvarianten oppnår karakteren A, mens på skriftlig eksamen kun oppnår karakteren C. Hun behersker altså faget, men begrenses av sin evne til å fremstille dette skriftlig. Strenge krav til skriftlig fremstilling er en indirekte diskriminering av studenter som har begrensninger i sitt skriftspråk.»

For å avgjere om dette handlar om indirekte diskriminering er det ifølgje lova avgjerande om godt språk er eit «saklig formål»:

«Med indirekte diskriminering menes enhver tilsynelatende nøytral bestemmelse, betingelse, praksis, handling eller unnlatelse som fører til at personer på grunn av nedsatt funksjonsevne stilles dårligere enn andre, jf. § 4 tredje ledd. Forskjellsbehandling som er nødvendig for å oppnå et saklig formål, og som ikke er uforholdsmessig inngripende overfor den eller dem som forskjellsbehandles, anses ikke som diskriminering etter loven her, jf. § 4 fjerde ledd.»

På bakgrunn av dette tok ikkje Likestillings- og diskrimineringsombodet klagen til følgje. Ombodet aksepterte universitetet si oppfatning av at skriftleg framstilling er ein del av det studentane skal lære og at det difor er ein sakleg grunn til å ha skriftleg eksamen.

Problemet er sjølvsagt at det er usemje om kva som er relevant eller sakleg, og her er det ei stor gråsone mellom dei to ytterpunkta. Kvar ein plasserer seg i denne gråsona heng mellom anna saman med korleis ein ser på språket. Nokre meiner at tankar blir skapte gjennom å bli uttrykte, medan andre ser på språket som eit verktøy til å få fram fiks ferdige tankar. Lat oss for å gjere det enkelt kalle det første for ekspressivisme og det andre for instrumentalisme. I eksempelet over hadde sensor eit ekspressivistisk språksyn, medan studenten («A») hadde eit instrumentalistisk syn.

Ifølgje ekspressivismen kan ein ikkje skilje mellom språk og innhald. Difor bør godt språk vere både eit læringsmål og eit vurderingskriterium. Ifølgje instrumentalismen kan ein skilje mellom språk og innhald. Språket er berre eit middel til å få fram innhaldet, og så lenge innhaldet kjem fram, er godt språk berre noko reint overflatisk som ikkje bør ha innverknad på karakteren. Ein instrumentalist vil ha lettare for å støtte dyslektikaren som seier: «Men jeg kan ikke noe for at jeg har alle disse feilene! Du kan ikke trekke meg for det!» Ekspressivisten vil sjølvsagt ha sympati for dyslektikaren, men vil til sjuande og sist måtte seie: «Sorry, slik er det berre. Godt språk er vesentleg, og om ein kan noko for språket sitt eller ikkje er irrelevant».

Denne problematikken er ikkje avgrensa til dyslektikarar. Eg har også høyrd det bli sagt at ein gjer minoritetsspråklege urett når ein legg for stor vekt på språket i sensurering av skriftlege oppgåver. Er språkleg fintføleri berre ein eksklusjonsmekanisme eller er godt språk ein vesentleg dugleik? Og kva med dyskalkuli: Er det diskriminering mot dei talblinde å krevje matte på vidaregåande og til dømes for å kome inn på medisinstudiet?

Slike spørsmål har kanskje ikkje generelle svar, men må i stor grad avgjerast frå fag til fag. Det finst mange dyslektikarar i høgare utdanning, og det kunne vore endå fleire dersom det hadde vore meir merksemd rundt denne typen spørsmål. Det første steget er å arbeide seg gjennom læringsmål og læringsutbyte og ta stilling til om godt skriftspråk verkeleg er ein nødvendig dugleik i emnet og faget, og dersom det er det, om ein likevel kan leggje betre til rette for denne studentgruppa. Noko anna vil vere å gjere dei urett.

[Opprinnelig trykt i Forskerforum, 2. september 2015].