Dei aller fleste foreldre elskar barna sine umåteleg høgt. Men enkelte foreldre slit med kjenslene for eigne barn.
Har barn rett til å bli elska? Når eg stiller folk dette spørsmålet, får eg ein av to reaksjonar. Nokre seier med ein gong “Ja, sjølvsagt!”. Andre måpar litt, dreg på det, synest liksom det er noko rart med spørsmålet, før dei seier noko i retning av “Kanskje ikkje akkurat rett, men …” Dei same synspunkta finn ein att i den filosofiske debatten om dette spørsmålet.
Dei aller fleste foreldre elskar barna sine. Det er sjølvsagt ein god ting, om enn det finst foreldre som så å seie elskar barna sine for mykje, slik at barna opplever foreldrekjærleiken som kvelande. Men det finst foreldre som slit med å kjenne kjærleik for barna sine. I nokre tilfelle kan det vere forbigåande, som med fødselsdepresjonar, men for andre kan det bli ein permanent tilstand. Ein søkjerunde på internett avdekkjer mange slike skjebnar. Foreldre som må vedgå for seg sjølve at dei ikkje elskar barna sine, har ofte skuldkjensle. Dei føler at dei gjer noko galt og kjenner seg som dårlege menneske. Men gjer dei verkeleg noko galt?
Det er vanleg å tenkje seg at rett og plikt heng saman. Dersom barn har rett til å bli elska, har difor nokon andre, fortrinnsvis foreldra, plikt til å elske dei. Men kan ein ha plikt til å elske nokon? Her finst det to ulike syn.
I følgje det første synet kan ein ikkje ha plikt til å elske barna sine, fordi kjærleik er ei kjensle, og kjensler kan ein ikkje kontrollere. Ein kan ikkje ha plikt til noko som ein ikkje er herre over. Dette synet vart formulert på klassisk vis av Immanuel Kant på 1700-talet: “Kjærleik er eit spørsmål om kjensle, ikkje vilje, og eg kan ikkje elske fordi eg vil, og endå mindre fordi eg bør; å ha plikt til å elske er difor absurd”. Ein kan ha plikt til å gi omsorg, men ikkje til å elske.
I følgje det andre synet er ikkje kjensler fullstendig uvilkårlege. Refleksjon over og arbeid med eigne kjensler kan leie til at kjenslene blir endra, noko som psykoterapi viser. Kjensler kan, som allereie Aristoteles var inne på, kultiverast. Dessutan er ikkje kjærleik berre ei rein kjensle, men er vevd inn i handlingar. Difor kan ein ha plikt til å elske, og barn kan ha rett til å bli elska, noko som sjølvsagt ikkje tyder at ein normalt sett skal elske barna sine fordi det er ei plikt.
Sjølv har eg mest sympati med det første synet. Eg nektar ikkje for at ein bør prøve å kultivere fram ei kjensle av kjærleik, og at ein bør søkje hjelp om ein ikkje får det til, men eg vil likevel hevde at dette er noko anna enn å ha plikt til å elske. Når eg les om foreldre som slit med å elske barna sine, tenkjer eg difor at dette er trist, men ikkje at dei gjer noko galt. Det er tragisk, men ikkje umoralsk.

[Teksten vart opprinneleg publisert på BT Innsikt]